Korn
Ull, hamp og lin
Urter, frukt og bær
Husdyr
Handel
Skipa
"På Lofoten"
Varer frå andre land
Klippfisk og tørrfisk
Handelsforbod
Hansa-forbundet
Oppgåver

Kva levde dei av?

Klippfisk og tørrfisk

Klippfisk vert laga av torsk, lange, brosme eller sei. Når fisken kjem i land, kappast hovudet av. Så vert fisken opna, vaska og salta. Så vert han lagt utover berget eller "klippene" for å tørke. Slik ligg han i fleire månader. Han vert snudd av og til.

Tørrfisk er eit av dei eldste fiskeprodukta våre. Tørrfisk vert laga av torsk, lange, brosme, hyse eller sei. Hovudet på fisken vert kappa av, og fisken delt i to slik at han heng saman i halesporden. Fisken vert ikkje salta. Så vert han hengt til tørk ute over ein stokk. I Nord-Noreg kan du sjå store stativ som dei heng fisken på. Desse stativa vert kalla hjell.

Fiskarar frå Nord-Noreg måtte reise den lange vegen sørover til Bergen med fisken sin for å få seld han på lovleg vis . Nordlandsjekter ved kaia i Bergen var eit vanleg syn heilt fram mot vår tid.


Når det gjeld tørrfisk, vert han om vinteren i Lofoten hengt to og to fisk saman i noko som vert kalla ei "sperre". Då blir fiskane bunde saman kring sporen med ein "ring" laga av snøre. Når ein tvinner den eine fisken rundt og rundt 2-3 gonger, medan den andre fisken haldast i ro, strammast snøret og fiskane er "sperra".

Elles i året vert ein fisk delt i to opp til halesporen. Så kappast ryggbeinet slik at bare den øvste og tynnaste delen av beinet vert att når den skal henggast. Dette gjer dei for å unngå to ting i den varme sommerlufta: 1. at fisken råtnar inne ved ryggbeinet og 2. at flogene legg egga sine langs ryggbeinet inne i fisken.